![]() ![]() ![]() ![]()
Språkvariasjon i Mellom-AmerikaProsjektleiar: Miguel Ángel Quesada-Pacheco
Dette prosjektet, det fyrste i sitt slag for Mellomamerika, er eit koordinert feltforskingsprogram under mi leiing i samarbeid med ei rekke mellomamerikanske forskarar. Prosjektet tek sikte på å skildra det notidige spanske språket i Mellomamerika med variantane sine, med utgangspunkt i felles metodologiske grunnlag såvel innafor dialektologi (særleg språkgeografi) som innafor sosiolingvistikk. Hovudføremål er å få ein breiare og djupare kunnsakp om det spanske språket i denne språkleg sett svært dårleg og ufullstendig utforska luten av det spanskamerikanske kontinentet[1]. Delmål er: a) innhenting av språkdata ved hjelp av dialektologiske og sosiolingvistiske metodar. og b) bearbeiding av dei innsamla data (korpus). Forskingi støtter seg på metodar og arbeidsteknikkar innan språkgeografi og sosiolingvistikk[2], og er samansett av tre deler: språkgeografi, sosiolingvistikk og språkkontakt.
SpråkgeografiNår det gjeld den språkgeografiske delen av prosjektet, vert det utarbeidd lingvistiske atlas over alle mellomamerikanske land. Såleis vil det verta mogleg å sjå på dialektskilnader i området, samt samalikna dei med andre deler eller regionar i Latinamerika. Denne forskingi utfører feltarbeid i omlag 90 byar og bygder gjennom eit til dette føremålet bearbeidd spørjeskjema[3]. Dette spørjeskjemaet er samansett av ca. 1800 spørsmål og er inndelt i fonetikk, morfosyntaks og ordtilfang. Vidare skal ein teikna kart over det innsamla materialet med tanke på å medverka til utviding av kunnskap om det spanske språket i Latinamerika. Med dette går ein utifrå at: a) språket er eit bilete av samfunnet sine kulturelle trekk; b) språkgeografi er i stand til å kartleggja desse trekk i form av geografiske kart; c) gjennom eit nært forhald mellom språk, geografi og samfunn studerar språkgeografi alle menneskeutrykk som strekkjer seg i eit spesifikt geografisk rom og som har sin plass i mennesket sitt liv og i naturmiljøet; d) dette forhaldet er eit samband mellom det geografiske miljøet og utbreiingi av lingvistiske aspekt som er påverka av politiske, samfunns- og kulturelle omstende. Forskingsprosjektet baserar seg på fire informantar for kvar by eller bygd (to eldre og to yngre av begge kjøn) som er fødde i området og som ikkje skal ha reist derifrå over lange periodar. Med omsyn til fonetikk og morfosyntaks, dels også det leksikalske nivået, skal ein bruka den såkalla eliciting metoden (eit spørsmål inneber berre eit svar).
SosiolingvistikkMed omsyn til den sosiolingvistiske delen, har dette prosjektet knytt seg til eit større språdatainnsamlingsprosjekt med namnet PRESEEA, som står for Proyecto para el Estudio del Español de España y de América og som vert leia av prof. Francisco Moreno ved Universidad de Alcalá de Henares. Dette prosjektet har som mål å samla inn og analysera det spanske språket i større byar med utgangspunkt i interne samnfunnsskilnader. Dei sosiale faktorar det vert lagt vekt på er alder, utdanning og kjønn. Vidare vil det sosiologiske data som vert innhenta i løpet av forskingsprosessen føra til å setja studiet av mellomamerikansk spansk i samband med andre faktorar, t d bydelar, sosioøkonomisk nivå eller lokale levekår. PRESEEA-prosjektet for Mellomamerika baserar seg på innsamling av data i dei seks mellomamerikanske hovudstadene, der spansk er båe det offisielle språket og morsmål til innbyggjarar flest[4]. For kvar hovudstad vert det etter prosjektet sine retninglinjer[5] innsamla data frå 54 informantar, delte etter fylgjande sosiale faktorar:
Språkkontakt
Den tredje delen av prosjektet, som omhandlar språkkontakt[6], vil ta for seg analysen av spansk i samband med indianar- og kreolespråk. Mellomamerika omfattar eit relativt lite areal med eit svært mangfaldig språkspektrum (ca. 50 ulike språk), noko som fører til å sjå på området som multilingvistisk og plurikulturelt. Dette prosjektet omfattar for augneblinken forhaldet mellom spansk og indianarmål i den sørlege luten av Mellomamerika ved å samla inn språkdata frå nokre språk i Panama, Costa Rica og Nicaragua, samt analysera deira struktur og påverknad på lokalt spansk språk, og omvendt[7]
Finansiering/driftsmidlarDette forskingsprosjektet har aldri fenge store driftsmidlar. Til no har det vorte finansiert bl a gjennom påskjønnings- og forskingsmidlar frå HF-fakultet, plus US $14.450 frå UNESCO. Fotnoter:
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||